Tuesday, July 31, 2007

Gratis syretripp.

Sidan eg er i det gavmilde hjørnet i dag, så kjem det her ein gratis syretripp. For å oppnå dette så må du stirra på eit bilde, men dette er heilt "skremmefritt". Teite popup bilder begynner heldigvis å gå av moten. Her er det kun streka som beveger seg til lyden av ein loopa Scooter intro. (Dette må jo sjølvsagt til for å komme i den rette stemninga. Som den Scooter eksperten eg er kan eg også opplysa om at det er introen på "Crank it Up (Happy Hardcore) dersom nokon skulle lura på det.) Tross denne tilsynelatane enkle bevegelsen, er resultatet overveldande, og etter å ha stirra for lenge ein gong vart eg faktisk ganske kvalm òg. Ja, ja. Sånn kan det gå når eg tar overdose...

Monday, July 30, 2007

Micro Maniac

Mange av oss kan vel med glede huske tilbake til tida med XLTV, og deira serie med ville microbølgeovn-eksperiment.
På sida http://www.u-starvin.com/micromaniac/ kan du prøve ut ei heil rekke med forskjellige ting i microen, inkludert klassikerane egg og juletrelys. Men kva skjer om du putter eit såpestykke inni? Eller ein heil pose med marshmallows?

Friday, July 27, 2007

Monday, July 2, 2007

Rein og skjær magi!



(Klikk på bildet for animasjon)

Dette ser kanskje berre ut som ein kjedelig animasjon med blinkande prikkar, men det er berre fram til du trykker nasa opp i skjermen, og fokuserer på krysset i midten. Då vert brått det feltet der den lilla prikken forsvinn, på mystisk vis til ein grøn prikk i staden. Dersom du klarer å halda blikket i ro lenge nok, så vil dei lilla prikkane etter kvart forsvinne, og berre den grøne prikken vil vera igjen.