Wednesday, March 28, 2007

Sibirsk Strupesang og Saft

Eg ser Vidar har begynt å posta musikkvideoar på sida si, så då skal ikkje eg vera noko dårlegare.
Dessverre får eg ikkje limt inn nokon videospelar, fordi denna videoen ikkje er frå Youtube. Men linken er absolutt vert eit besøk.

Sibirsk Strupesang


Fun Light har nå kome med ein ny smak, der du kan gjette på kor smaken kjem frå, og vinna ein tur dit.
Uheldigvis så er det kome med visse hint på flaska, og er plutseleg ikkje så lysten på å vinna ein tur meir...



Monday, March 26, 2007

Eat mor chikin

Dette var ein gong ei reklamekampanje for den amerikanske kjeda Chick-fil-A, der kyr reklamerte for at det var mykje betre å eta kylling.
Denna kalven ser i alle fall ut til å ha tatt bodskapet...

Saturday, March 24, 2007

Kattehjelm.


Har du lurt på kva du skal gjera med alt appelsinskalet som hopar seg opp, nå som påsken nærmar seg?
denne sida får du ein grundig instruksjon i korleis du kan bruke appelsinskal til å laga ein fancy smancy hjelm til katten din.

Thursday, March 22, 2007

De dødes tjern



Fantastisk scene frå Ut i Vår Hage.

Wednesday, March 21, 2007

Verdas Poesidag

I dag er det verdas poesidag. Lat oss juble!

I den anledning har eg komponert eit dikt om Ropeid, med lettare erotiske undertoner.


eg ser
Ropeid i det fjerne
henslengt i fjæresteinane
med lemmet duppande i vatnet.
Frafjord kjem frå Sand
gapande mot lemmet
ei kort sund etter
støyter dei saman
lysa blinkar
og bommen fèr til vèrs
ut strøymer bilane
nå kan du køyra om bord


Du kan lesa meir om Verdas Poesidag her

Tuesday, March 20, 2007

I dag mens eg satt på internett så dukka det ein ganske interessant pop-up opp. I eit ganske høfleg ordelag kunne fortellja meg at;

"OBS: Deres datamaskin har spor av alle voksen-steder du har besøkt. I mest tilfeller, er du ikke en gang klar over arkivene som blir installert alene, overtrer deres on-line uforstyrrenhet og kan sette deres karriere og deres ekteskap på spill.
Disse arkiver forlater spor av deres on-line oppførsel og selv kompromitteres deres kredittkortinformasjon. Det er mulig rydde opp alle disse temporære og historieprotokoller på deres datamaskin og fjerne disse spor.

Vil du installere DriveCleaner gratis å sjekke datamaskinen din? (Anbefalt)"




Fantastisk! Både gratis og anbefalt virus. Det er ikkje kvar dag ein ser det....